Lokalnytt

Løyvde pengar til toalett

 

På Hellesylt ligg offentlege toalett i kaihuset
På Hellesylt ligg offentlege toalett i kaihuset

Under visse forutsetningar har Stranda Hamnevesen KF løyvd 300.000.- kroner til forbetring av kapasiteten av offentlege toalett i Geiranger og på Hellesylt.

Det var på strategimøte 26. november i fjor at Stranda Hamnevesen KF gjorde vedtak om å løyve 300.000.- kroner for å auke kapasiteten på tilgang til offentlege toalett i Geiranger og på Hellesylt. Beløpet blir fordelt med 100.000.- kroner til Hellesylt og resten til Geiranger.

For liten toalettkapasitet på dei to turiststadane har vore eit problem i høgsesongen. På Hellesylt ligg offentlege toalett i kaihuset ved ferjeleiet og turistar søkje til mellom anna daglegvarebutikkane i trengjande situasjonar, blir det fortalt.

No ønskjer Stranda Hamnevesen KF å bidra til ei forbetring både i Geiranger og Hellesylt, men reknar opp visse forutsetningar for å bidra med tilskot;

*Tiltaket må vere eit permanent bygg for å auke kapasiteten i sentrum

*Det må vere eit spleiselag med øvrig næringsliv/bedrifter i bygda

*Kommunen må ta ansvar for organisering og framdrift av prosjektet

*Ein ber om tilbakemelding på tiltaket og ein framdriftsplan

*Stranda Hamnevesen KF tillet seg å setje ein frist for tiltaket til 1. mai 2015.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380