Lokalnytt

Merka hjortar med GPS

Tore Rusten "vaker" over den bedøvde hjortekolla
Tore Rusten «vaker» over den bedøvde hjortekolla (Alle foto: Privat)

I Sykkylven, Nordal og Stranda er eit større prosjekt med merking av hjort i gong.

Prosjektet «Sunn hjort» er eit samarbeid mellom kommunane Sykkylven, Nordal og Stranda og blir utført av Bioforsk. I fjor vart det merka 8 dyr i desse kommunane, i vinter er målet å få øyremerke og GPS-sendarar på 16 dyr.

Skogbrukssjef Asle Johan Bergseth Konnerth er Stranda Viltnemnd sin kontaktperson i prosjektet, vere kjentmann og vise Bioforsk stader der det er sjanse til å finne dyr. Konnerth fortel at målet med merkinga er å få innsikt i hjorten sitt bevegelsesmønster for å kunne vurdere om bestanden og avskytinga er fornuftig.

Nokre dyr er stasjonære, andre vandrar over større områder. Konnerth fortel at av dei som vart merka i fjor har to koller, ei i Strandadalen og ei i Hundeidvik vore stasjonære medan to koller i Liabygda har vandra heilt inn til grensa mot Rauma.

Dyr som skal merkast blir bedøvd med giftpil frå luftgevær. Bedøvinga kan vare opp til ein time. I den tida blir det teke ut fleire prøver av hjortedyret som blodprøve og hårprøve, og det blir målt storleik.

Merkeprosjektet er inne i andre året. For fyrste gong er det denne veka merka dyr i Sunnylven, to koller på Hauge og ei kolle på Stadheim . Alle, også ein merka bukk i Strandadalen har fått øyremerke og GPS- sendar på seg. Om nokre dagar kan desse dyra sitt bevegelsesmønster føljast på internett.

Prøv: www.hjortmerk.no

Even Andre Bjørneset hjelper til når hjortekolla blir målt.
Even Andre Bjørneset hjelper til når hjortekolla blir målt.
Hjortekolla på Hauge fekk øyremerke nr. 18.
Hjortekolla på Hauge fekk øyremerke nr. 18.
Denne hjorten har også fått GPS-sendaren på. (Foto Asle J. Konnerth)
Denne hjorten har også fått GPS-sendaren på. (Foto Asle J. Konnerth)

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380