Nyttig informasjon på kraftseminar

Sentrale personar under småkraftseminaret: Frå venstre ass. banksjef industri Petter Sætre, adm. dir Ola Raknes og møteleiar Olav Hauso.

Sentrale personar under småkraftseminaret: Frå venstre ass. banksjef industri Petter Sætre, adm. dir Ola Raknes og møteleiar Olav Hauso.

Heile tolv foredragshaldarar var hyra inn og bidrog med nyttig informasjon under småkraftseminaret på Stranda Hotel onsdag.

Interessa for småkraftseminaret som Sparebanken Møre og Stranda Energi arrangerte på Stranda onsdag var god. Heile 76 personar frå Sunnmørsområdet var på plass då Sveinung Klakegg frå Sparebanken Møre ønska vel møtt. Formålet med seminaret var å skape ein møteplass innan næringa, sa han.  Klakegg nytta også høve til å orientere om sparebanken som har blitt ein betydeleg finansaktør for småkraftnæringa.

Nye kraftverk

Adm. dir. Ola Raknes i Stranda Energi orienterte om det kommunale energiselskapet som var både produsent og leverandør. Energiselskapet hadde planar og stod for utbygging av fleire småkraftverk i sitt område, det siste er Rødset kraftverk i Strandadalen som vil vere i drift tidleg i mars. Sju nye konsesjonssøknader er inne  og vil bli behandla av NVE i løpet av 2015 med muleg byggestart i 2017,sa Raknes.

Vurdere vilje og evne

Dagleg leiar ved det privateigde Litlebø Kraftverk ved Tryggestad i Sunnylven, Olav Hauso var møteleiar under småkraftseminaret. I tillegg hadde han eit humørfylt, men både nyttig og lærerikt innlegg om korleis det var å gå laus og byggje kraftverk som privatpersonar. Her kom det fram både det som hadde gått bra, og forhasta avgjerder. Eigen vilje og evne var viktig å tenkje gjennom før ein gjekk i gong å bygge kraftverk i privat regi, sa Hauso.

Som tidlegare nemnt vart det informert om mange aktuelle tema. Hermund Ulstein frå Markedskraft tok føre seg kraftmarknaden generelt, her også prisfastsetjing og forventa prisutvikling på vasskraft framover. Den kan bli lavare, for når det gjeld fornybar energi har bruk av sol og vind auka mykje. Det var likevel vanskeleg å spå, mykje var avhengig av prisen på kol og Co2.

Samtalepartnar

Sparebanken Møre har blitt ein finanspartnar for utbyggarar av kraftverk. Ass. banksjef industri Petter Sætre jobbar mykje med finansiering av små kraftverk. Under seminaret viste han eksempel på dette. Med den rente som rår i dag og med forventa prisutvikling på energi vil utbygging på 35. mill. kroner vere lønsam. Banken skal vere ein samtalepartnar både for investorar og fallrettseigarar, sa Sætre.

Terje Årdal frå Stranda Energi hadde som tema innmating på nett. I områder der produksjonen var større enn forbruket, som eksempel i Sunnylven, ville uttransport og tapet bli betydeleg utan eit godt utbygd linjenett.

Frode Langelo, Stranda Energi orienterte mellom anna om produksjon og omsetning frå selskapet, frå elleve  kraftverk med ein samla produksjon på 140 Gwh i eit normalår.

Magnar Kvalvåg frå Gjensidige kom inn på forsikring av kraftstasjonar og tilhøyrande anlegg, Dag Loe Olsen frå Nord-vest revisjon orienterte om rekneskap og skatt, og Lars Olav H. Espeland frå Markedskraft gav informasjon om ordninga med el-sertifikat, ei ordning med tillegg i straumpris for stasjonar som er i drift før 31. desember 2020.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380