Gamle Bilde

Opning av Ljøvegen

tunnelopning-2

Her er fleire bilete frå opning av Ljøvegen 22. september 1962. Vi takkar Tor Odd Kjellstadli som har sendt oss desse bileta frå ei historisk hending.

Mange bilar og bussar køyrde den nye samferdsleåra mellom Hellesylt og Stranda etter at vegdirektør Thomas Backer hadde klipt over snora i påsyn frå fylkesmann Erling Anger og ordførar i Sunnylven kommune, Knut Martin Stadheim. Snorklipping og opning fann stad ved Solborg skule, nord for Helgesvingen.

Den nye vegen vart ikkje rastrygg. No blir det jobba med tredje og siste byggesteg av rassikringsarbeidet på fylkesveg 60, strekninga mellom Hellesylt og Røyr. Arbeidet er venta ferdig i løpet av 2016.

tunnelopning-4

tunnelopning-3

tunnelopning-1

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380