
Sunnylven har eit rikt lags -og foreiningsliv. Fortel om det på hellesylt.info
Under «Lag og organisasjonar» ynskjer nettstaden hellesylt.info å presentere det store mangfaldet av lag og foreiningar i Sunnylven. Under «fana» er det lagt inn kort presentasjon av tre lag alt. Vi vil gjerne ha fleire, men treng laga si hjelp med opplysningar.
Send ein kort presentasjon om laget, skipingsår, oppgåver / aktivitet i laget og namn på det siste valde styret til; post@hellesylt.info
Og husk, ikkje gløym å melde når det blir gjort endringar i styresamansetjing. Alle oppføringar under «Lag og organisasjonar» er gratis.