Lokalnytt

Startar brannsikring i mars

Sunnylven omsorgssenter.
Sunnylven omsorgssenter.

Stranda kommune har vedteke å montere brannsikring i Sunnylven Omsorgssenter. Arbeidet startar opp i mars.

Sunnylven omsorgssenter skal brannsikrast med overrislingsanlegg, det vedtok Stranda formannskap i møte 8. desember i fjor. Vedtaket var i tråd med innstillinga frå MKT og hadde ein totalkostnad på 7.6 mill. kroner.

Det er Flo Brannsikring, Stryn som står for byggeleiing og arbeidet skal utførast av mellom anna Fjordpipe AS og HT Bygg Hellesylt AS.

Mats Flo i Flo Brannsikring opplyser at arbeidet vil starte opp 2. mars. Firmaet har hatt arbeidet med prosjektering og vil stå for byggeleiing. Når det heile er ferdig er vanskeleg å antyde, seier Flo. Boring i betong, hovedføring for sprinkleranlegg og anna arbeid skal foregå utan å flytte bebuarar ut av huset.

I kostnaden med brannsikring som er berekna til 7.660.000.- kroner ligg også eit beløp på 763.000.- til uforutsette ting, byggeleiing og branntetting 275.000.-, ny vassleidning til omsorgssenteret 562.000.-, nedvask, dokumentasjon og diverse 414.000.-, og anna uforutsett, mellom det utskifting av 20 dører, tilsaman 300.000.-

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380