Lokalnytt

Sunnylven skule med i Klassequiz

10. klasse ved Sunnylven skule. Framme frå venstre: Madelen, Olene, Ottar. Bak: Ingeborg, Stian, Emilie, Hege, Ole Iver, Rikard, Veronica, Anders.
10. klasse ved Sunnylven skule. Framme frå venstre: Madelen, Olene, Ottar. Bak: Ingeborg, Stian, Emilie, Hege, Ole Iver, Rikard, Veronica, Anders.

Sunnylven skule er mellom 32 skular frå Møre og Romsdal som deltek i NRK 1 sin Klassequiz.

Onsdag 7. januar starta konkurransen Klassequiz i NRK Møre og Romsdal. Fyrst ut av 32 skular var Myklebust barne -og ungdomsskule som sanka åtte av tolv oppnåelege poeng. Seinare same dag var det Åheim skule sin tur.

Sunnylven skule deltek for fyrste gong i kunnskapstevlinga. Laget på tre elevar frå 10. klasse og med ein reserve er ikkje plukka ut enno, fortel klasselærar Reidun Remme Habostad. Å finne skarpskodde deltakarar mellom dei 11 elevane byd nok ikkje på problem, dei var alle klare til å stille fekk vi forståing av då vi troppa opp for å ta klassebilete.

Sunnylven skule blir å høyre på NRK Møre og Romsdal måndag 19. januar i sendinga på ettermiddag. NRK kjem til Hellesylt og sendinga går direkte frå skulen, fortel Reidun Remme Habostad.

Beste lag frå innleiande rundar møtest i ein fylkesfinale, og vinnaren der skal representere fylket i den nasjonale finalen på NRK 1 23. mai.

Laget er klart

Då er det klart kven som skal representere Sunnylven skule i Klassequize på NRK måndag 19. januar. Det er: Emilie, Anders, Hege og Ole Iver. Lukke til!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380