Stupetårnet kosta mange pengar, men Hellesylt Ungdomslag har også andre planar på badestranda.
Under årsmøte i Hellesylt Ungdomslag la badehusstyret fram ei fyldig årsmelding. Den fortalde om mykje viktig arbeid som hadde blitt utført på badestranda og badehuset, men hadde også fleire planar for dei neste to åra som laget vil arbeide for å realisere.
I 2015 håpar laget å kunne legge til rette slik at rørslehemma får enklare tilgang til badestranda. Også grillplassen skal utbetrast og bli større med fleire nye benkar.
På svaberget ved badestranda stod eit stupetårn for nokre ti-år tilbake. Det har laget starta å planlegge for å få reist slik det stod ein gong.

Arrangement
Det blir «solsnubading», eit nytt og suksessfullt arrangement like før jul. Kanskje burde det inviterast til noko liknande ved sommarsolkverv 21. juni?
Stupetårnet som kom på plass 29. juni i fjor er enno ikkje offisielt opna, men det blir det i 2015, skriv badehusstyret. Truleg blir det også fleire arrangement på badestranda utan at det er nemnd i planane for året.
Badehusstyret og Hellesylt Ungdomslag ser føre seg at det må kome eit sanitæranlegg med toalett på badestranda. Laget planlegg for å få realisert det i 2016.