LokalnyttLokalsport

VM i Volda laurdag og søndag

I leiinga for avviklinga av VM i Volda, rennleiar Rune Totland til høgre, og standplassjef Leif Tore Telseth. (Foto: Volda TIL)
I leiinga for avviklinga av VM i Volda, rennleiar Rune Totland til høgre, og standplassjef Leif Tore Telseth. (Foto: Volda TIL skiskyting)

Laurdag og søndag er det Vestlandsmeisterskap i skiskyting . Arena er Volda skisenter, Reset.

Det er Volda TIL som står som arrangør av Vestlandsmeisterskapen i skiskyting 2015. I det nye og flotte anlegget på Reset blir det sprint laurdag og normaldistanse søndag. Løparane kjem frå heile Vestlandet og totalt er 162 påmeldt til sprinten laurdag med start kl. 13.00, 171 deltek i konkurransen dagen etter frå kl. 12.00.

Forholda ved Volda skisenter er heilt fantastiske med mykje snø og fint ver, stod det å lese på arrangøren si nettside dagen før konkurransane starta, www.vtiskiskyting.no

På nettsida til arrangøren finn ein mykje informasjon, mellom anna startliste for begge dagar, arenakart og vegforklaring.

Sunnylven IL stiller med 12 deltakarar i Vestlandsmeisterskapen. Desse er: Elias Helset (G10), Sofie Støverstein og Lone Ringdal (J10), Emil Norangshol (G11), Ruben Støverstein (G12), Johanne Ringdal Sæter (J12), Markus Norangshol (G13), Kasper Ringdal (G14), Inger Ringdal Sæter (J15), Emilie Brekke (J16), Inga Elise Vik (Kvinner 19), Trygve Aaland Tryggestad (Menn 20/21).

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380