Lokalnytt

Web-kamera i Kjellstadli

Statens Vegvesen sin verstasjon med web-kamera i Kjellstadli.
Statens Vegvesen sin verstasjon med web-kamera i Kjellstadli.

Vi har tidlegare meldt at Statens Vegvesen har sett opp ein verstasjon med utstyr som måler temperatur, vind og nedbør nær fylkesgrensa i Kjellstadli.

No er også web-kamera i Kjellstadli kome i drift. Statens Vegvesen har fleire slike verstasjonar med kamera rundt om i landet. Data frå desse er til nytte både for brøytemannskap vinterstid og for andre vegfarande.

Gå inn på ei av lenkjene under og sjå bilete frå fylkesveg 60 i Kjellstadli i Sunnylven:

http://webkamera.vegvesen.no/kamera?id=757130

http://www.vegvesen.no/Trafikkinformasjon/Reiseinformasjon/Trafikkmeldinger/Webkamera?kamera=757130&zoom=7

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380