Aktivt pensjonistlag
Både årsmelding og rekneskap fortalde om god aktivitet i Sunnylven Pensjonistlag då laget heldt årsmøte onsdag.
Astrid Langeland er leiar i Sunnylven Pensjonistlag, eit aktivt lag som fekk 14 nye medlemer i fjor. Til årsmøtet på Sunnylven kyrkjelydshus kunne ho ønskje rundt 45 medlemer vel møtt.
I årsmeldinga for laget stod det om fleire arrangement der både god underhaldning og servering var med. Sekretær Oddmund Fivelstad fortalde om tilstelningar som balldag på Hægstad Gard, besøk til pensjonistlaget på Stranda, eldrefest, bacalaokveld saman med Sunnylven sanitetslag og medlemsmøte med juletallerken i november.
Song av skuleelevar
Også økonomisk står laget seg godt. Overskotet i 2014 var på 7.500.- kroner. Under årsmøtet var det allsong, utlodding og servering av betasuppe, kaffi og kaker. Fast post på medlemsmøta er ord for dagen. Det var ved Angelika Fivelstad som las ei kort forteljing av forfattar Marit Kaldhol. Triveleg innslag sytte også elevar frå 4. og 5. klasse ved Sunnylven skule for som saman med sokneprest Stein Karstensen på gitar underheldt med song.
«Den gyldne spaserstokk»
Fram over våren og sommaren vil pensjonistlaget arrangere nye samkomer, sa Astrid Langeland. Det blir vårmøte saman med Sunnylven sanitetslag 18. eller 25. april. Då blir det premiering av «Den gyldne spaserstokk» for alle som har notert og levert trimskjema i Sparebanken Møre, Hellesylt. Og det blir ny balldag i juni om det blir liv i Hægstad Gård, sa Astrid Langeland.
Val på årsmøte:
Astrid Langeland, leiar, Oddmund Fivelstad, Lilli-Karin Ljøen (ny), Odd Jostein Bjørdal (ny), Magne Hole, Mia Sjåstad (ny).
Varamedlemer: John Langeland, Ruth Tronstad.
Revisorar: Arnfinn Tryggestad, Roger Tryggestad.
Valnemnd: Knut J. Tryggestad, Solveig Høgalmen.
Pensjonisttur
Sunnylven Pensjonistlag vil på tur til sommaren. I fjor vart det inga felles utflukt av ulike grunnar, men det ønskjer styret å rette på i år. Det vart etterlyste innspel frå medlemane om turforslag, men fekk ingen på møtet. Styret håper dei får forslag etter kvart, både på dagsturar eller med overnatting.