Anita Langeland ny leiar i Sunnylven skulekorps

Gunnhild Kvam fekk blomar for lang innats som leiar i styret for Sunnylven skulekorps.

Gunnhild Kvam fekk blomar for lang innats som leiar i styret for Sunnylven skulekorps. Foto: Knut Dag Langeland.

Anita Langeland vart vald til ny leiar i styret for Sunnylven skulekorps etter Gunnhild Kvam på årsmøtet tysdag 17. februar.

Sunnylven skulekorps har 22 musikantar og tre aspirantar. Dirigent for korpset er Trond Otto Berg. Frå årsmeldinga blir det fortalt om god aktivitet, også i samspel med Eidsdal skulekorps og dirigent Jan Helge Andreassen som styrte dirigentstokken ein periode tidleg på året.

Som vanleg var korpset svært aktiv under 17. mai-feiringa, både i kyrkje, i folketoget og under programmet på folkefesten. I juni deltok Sunnylven skulekorps under kulturskulekonsert, før turen gjekk til Trondheim og landsfestival der. Under Sommardagar på Hellesylt var det tombola, ei god inntekskjelde for korpset, står det å lese i årsmeldinga.

Det vart haustkonsert og som vanleg speling under tenning av julegrana på Hellesylt, før året vart avslutta med nissespeling på Hellesylt og deltaking under julekonserten i Sunnylven kyrkje. Økonomisk kom 2014 ut med eit lite underskot, men korpset står seg godt med pengar på bankkonto.

Val under årsmøtet

Til årsmøtet sa Gunnhild Kvam frå seg attval etter fleire år som leiar i styret for Sunnylven skulekorps. Styret vart: Anita Langeland leiar, Wenche Ringdal, Geir Frøysa, Silje Brendefur, Synnøve Kjellstad (ny). Styret konstituerar seg sjølve på fyrste styremøte.

I økonominemnda tok alle attval: Rolf Fivelstad, Barbro Lade, Elise S. Røyrhus, Egil Røyrhus.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380