Lokalnytt

Årsmøte i Sunnylven samfunnshus

Sunnylven samfunnshus er same bygg som Sunnylven skule
Sunnylven samfunnshus er bygd i lag med Sunnylven skule

Heile styret i Sunnylven samfunnshus held fram. På årsmøtet vart også leigesatsane for huset justert noko.

Sunnylven samfunnshus har fått pålegg om å registrere seg i foretaksregisteret i Brønnøysund. Styret fekk fullmakt til å tilpasse partslaget sine vedtekter frå 1971 for nemde registrering og legge dei fram til vedtak på eit nytt møte.

Nytt låssystem

Alle dører i samfunnshuset fekk montert nytt låssystyem i for. Etter vel 40 år var mange nøklar borte. No er det kvittert ut nøklar til dei største brukarane, Hellesylt Ungdomslag, Sunnylven Idrottslag, Sunnylven bygdekvinnelag, Sunnylven skule og styreleiar. Det vart bestemt at det ikkje er lov med «framleige» av nøklar. Vaktmeister skal be om å få sjå utleverte nøklar i januar månad kvart år for å sikre at dei ikkje er borte.

Nye leigesatsar

Årsmøtet vedtok også ei justering av leigeprisane for bruk av huset, innkludert vestibyle og toalett. Prisar for inntektsgjevande arrangement: Kjøkken 500.-, «Nyesalen» 700.-, gymmsalen 800.-

Prisar for ikkje innteksgjevande arrangement: Kjøkken 50.-, «Nyesalen» 70.-, gymmsalen 80.- Utleige av heile huset under Sommardagar på Hellesylt vart vedteke til 6.000.- kroner.

Vask skal utførast av innleigd reinhaldar og pris sett til 200.- kroner for kvart rom for leigar.

Utbetringar

På årsmøtet vart det også orientert om renovering av kjøkkenet, i fyrste omgang ei oppgradering til 90 – 100.000.- kroner.

Sunnylven samfunnshus har lekkasjar i taket som ein ikkje finn og får tetta. Kommunen er orientert om problema og er bedne om å gjere tiltak, vart det sagt.

Val

Heile styret og andre trillitsvalde i Sunnylven samfunnshus held fram;

Styreleiar: Inge Bjørdal (attval)

Styremedlem: Ole Aasen (attval), Bjørn Tryggestad, Annvor Tryggestad, Magnar Hauge

Varamedlemer: Leif Egil Åsen, Olveig Brandvoll, Per Ottar Alme

Valnemnd: Geir Frøysa, Egil Røyrhus

Revisor: Oddbjørg Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380