Årsmøte i Sunnylven sanitetslag

Sanitet 1

Sunnylven sanitetslag har halde årsmøte der 18 medlemer møtte på Sunnylven kyrkjelydshus. Årsmelding og rekneskap fortalde om god aktivitet og god økonomi i laget.

Ei som vanleg fyldig årsmelding vart lagt fram der både mange og store arrangement var rekna opp. I 2014 var medlemstalet 54, det same som året før.

Ved fleire tilstellingar har Sunnylven sanitetslag samarbeidd med Pensjonistlaget, under vårmøte på Kyrkjelydshuset og under Bacalao-fest på samfunnshuset.

Sunnylven sanitetslag støtta forsking på kvinnehelse med 8.000.-, barn og ungdom med 3.000.-, aksjonsveka mot rus med 1.000.-, og lokale tiltak med gåver til saman 10.000.- kroner i fjor.

Vårtreff i april

Laget har halde laurdagskafe, basarlaurdag, adventsstund på omsorgssenteret, selt fastelavnsris og fjør til fastelavnstreet, og hadde ein dag med loppemarknad under Sommardagar på Hellesylt i juli.

Framover er det planlagt vårtreff 18. april saman med Pensjonistlaget og Sparebanken Møre som står for premiering av Den Gyldne Spaserstokk til alle som har levert trimskjema.

Laget vil saman med Pensjonistlaget vurdere å arrangere tur i lag, og i tillegg vere med på tilstelling der ein markerer friluftslivets år 2015. Det er også bestemt at det blir nytt loppemarknad under Sommardagane laurdag 4. juli vedtok årsmøtet.

Val

Heile styret i Sunnylven sanitetslag tok attval, berre med små justeringar mellom tillitsvalde i hovedstyret og varamedlemer.

Styret er: Kari Hauso Stadheim leiar, Anne Marie Hauge Ljøen nestleiar og skrivar, Ingebjørg Sårheim Fivelstad kasserar, Ester Kjellstadli, Solfrid Lien (ny).

Varamedlemer: 1. Britt Hauge. 2. Hilde Langlo Brekke, 3. Ruth Nygård Frøysa,

Valnemnd: Elise Rørhuus-Øie, Solbjørg Alme, Ruth Hole Aaland.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380