BASE-hopping under X2 Festival
Å gå til Helsetkopen kan vere slitsamt. Her er fjellflygarar komne til Liadalen. (Foto: WBR)
X2 Festivalen i april feirar 10 år med ny øving, X BASE, organisert av World Base Race.
X2 Festivalen har teke med BASE-hopping i sitt sportsprogram. Denne konkurransen blir avvikla på Hellesylt frå Helsetkopen.
Konkurransen startar med oppvarming og kvalifisering torsdag 16. april og blir avslutta laurdag 18. april med «head to head»-konkurranse og finalar.
For å delta i denne delen av X2 Festivalen blir det kravd at utøvarane har erfaring, minimum 100 Basehopp, 80 Wingsuit Basehopp, eller 80 Base tracking jumps. I tillegg må div. andre bestemmelsar oppfyllast.
Arrangøren gjer merksam på at X BASE er ein veravhengig konkurranse og kan bli avlyst.
Leiarar for denne konkurransen blir to erfarne fjellflygarar, Livia Dickie og Cato Nordbakk.