Lokalnytt

Bjørkeriset klart til fastelavn

Sanitetsdamer viser fram flotte fastelavnsris som dei håper mange vil kjøpe.
Sanitetsdamer viser fram flotte fastelavnsris som dei håper mange vil kjøpe.

Sanitetsdamene i Sunnylven har gjort klar årets fastelavnsris, 100 bukettar bjørkeris pynta med fargerike fjør.

Måndag var 14 sanitetsdamer samla i arbeidsstova på Sunnylven omsorgssenter. Her vart årets fastelavnsris bunta saman og pynta ned fjør i alle fargar. Sal av fastelavnsris har Norske Kvinners Sanitetsforeining  og medlemslaga einerett på, og er ei av dei gode inntektskjeldene.

Arbeidet med å lage fastelavnsris gjekk unna i arbeidsstova. På golvet låg bjørkeriset der kvistane vart klipt i høvelege lengder , og kring langbordet sat damer med erfaring i hendene om korleis det skulle vere. Og når fjøra kom på vart det fargeglade risbukettar som vil pynte opp i mang ein heim og som avgjort er verd prisen.

Margot Ringdal til venstre, og Ragnhild Ringdal var av dei eldste som hjelpte med å lage fastelavnsris.
Margot Ringdal til venstre, og Ragnhild Ringdal var av dei eldste som hjelpte med å lage fastelavnsris.

Sanitetsforeiningane  starta med binding og sal av fastelavnsris i 1946 og sidan har salet auka årleg. I 2009 vart det på landsplan selt 160.000 fastelavnsris og 7.0 mill. kroner kom inn til helse og andre gode formål.

Laurdagskafé og fastelavnstre.

Komande laurdag er det fastelavnskafé på Sunnylven samfunnshus. Der byd sanitetslaget på betasuppe, bollar, kaker, saft og kaffi. Det blir også sal av fastelavnsris og store fargerike fjør til å pynte eit stort bjørketre med. Fastelavnstreet er ei ung og rank bjørk som blir ståande i eller utanfor kafélokalet.

Sunnylven sanitetslag håper mange kjem innom kaféen til  hyggeleg samvær og handel, og ikkje minst at mange kjøper fjør til bjørketreet slik at det kan bli like fargesprakande denne gongen som tidlegare år.

Anne Marie Hauge Ljøen t.v., Ester Kjellstadli og Kari Hauso Stadheim, alle i styret for Sunnylven sanitetslag håper fastelavnsbjørka blir like flott pynta med fjør i år som i fjor.
Anne Marie Hauge Ljøen t.v., Ester Kjellstadli og Kari Hauso Stadheim, alle i styret for Sunnylven sanitetslag håper fastelavnsbjørka blir like flott pynta med fjør i år som i fjor.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380