Lokalnytt

Cruisekoloss til Verdsarvfjorden

 

Med sine 294 meter ruvar Costa Deliziosa godt ved Hellesylt kai
Med sine 294 meter ruvar Costa Deliziosa godt ved Hellesylt kai

Både lista over anløp og cruisebåtane er lange til sommaren.  MSC Splendida med sine 333 meter er størst av alle som besøkjer Hellesylt og Geiranger.

Cruiselista til Stranda Hamnevesen KF viser at tala på cruisebesøk gått litt ned i høve til 2014. Då besøkte 206 skip Geiranger og 117 Hellesylt. Framfor komande sesong er det meldt 179 anløp til Geiranger og 116 til Hellesylt. På Hellesylt vil 96 av dei legge til ved kai.

Til kai på Hellesylt skal også 333 meter lange MSC Splendida fem gonger i løpet av sesongen. Båten besøkjer Verdsarvfjorden for aller fyrste gong 4. juni. Cruisegiganten er 40 meter lenger enn det største som har lagt til ved Hellesylt kai tidlegare. Driftsansvarleg i Stranda Hamnevesen KF Inge Hole trur ikkje det vil by på problem i det heile å få lagt til skipet. Cruisekaia er solid og god å kome til og frå så det vil nok gå greitt, seier han.

Fleire båtar kvar dag

Cruisesesongen opnar med Saga Sapphire i Geiranger 15. mars. Fyrste til Hellesylt blir Black Watch 15. mai etter lista. Og då er sesongen i gong med både tre og fire båtanløp enkele dagar.

Under Sommardagar på Hellesylt 3. til 5. juli blir det også cruisebesøk. Laurdag 4. juli kjem Mein Schiff 1 frå Geiranger og innom Hellesylt på ettermiddag, og søndag ligg Costa Pacifica ved Hellesylt kai mellom 09.00 og 10.00.

Siste cruisebåt til Hellesylt er Boudicca 16. september, og Artania i Geiranger 19. september.

333 meter lange MSC Splendida kjem til Hellesylt fyrste gong 4. juni.
333 meter lange MSC Splendida kjem til Hellesylt fyrste gong 4. juni.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380