
Inga Elise Vik og Trygve Aaland Tryggestad, begge Sunnylven IL deltek i junior-NM skiskyting i Alta denne helga.
Inga Elise Vik gjekk inn til ein 26. plass på normaldistansen under junior-NM i Alta fredag. Det vart ikkje klaff med skytinga denne gongen, i alt 14 tillegg (3-3-3-5) på 20 skot. Sluttida 47.08.8 var 13.05.1 bak gode Ingrid Landmark Tandrevold, Fossum IF som vart norsk meister i kvinner 19 år.
Trygve Aaland Tryggestad i menn 20/21 år kom i mål til 50. plass fredag (1-4-3-5), 14.19.7 etter vinnar Andreas Kvam , Meldal IL.
Aller best lukkast Ingrid Gausemel, Hornindal IL som gjekk inn til sølvmedalje i kvinner 17 år på normaldistansen.
Søndag held junior-NM skiskyting fram med sprint.