Lokalnytt

Enda med avlyst «Gullbryllaup».

-Eg finn meg ikkje i usakelege angrep, seier Jan Ove Tryggestad.
-Eg finn meg ikkje i usakelege angrep, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

 

«Stranda FrP er lut lei av at ordføraren gong etter gong setter det politiske miljø og kommunestyre på gangen».

«Det var med relativt stor undring eg fekk invitasjon om «Gullbryllup» for å markere samanslåing av Stranda og Sunnylven kommune??»

Gruppeleiar i Stranda FrP, Frank Sve sende brev til kommunestyre og kontrollutvalet i Stranda kommune i høve ein invitasjon til markering av at det er 50 år sidan Sunnylven gjekk saman med Stranda i ei kommune. Festen er no avlyst.

Frank Sve skriv at han ikkje er i mot eit slikt arrangement, men gruppeleiaren for det største opposisjonspartiet i kommunen peikar i relativt krasse ordelag på at det er invitert til festen utan at det er avsett pengar og gjort lovlege vedtak om å halde arrangementet. Han skuldar ordføraren for å ta seg til rette og arrangere ein fest som han trur vil koste mellom 50.000 – 100.000 kroner. «Gullbryllaupet» er tenkt å finne stad i Storfjord kulturhus 7. mars.

«Er også kjend med at ordføraren har nytta midlar til anna arrangement siste år utan budsjettdekning,» skriv gruppeleiar Frank Sve på slutten i brevet utan at han nemner kva arrangement han siktar til. Han ber kontrollutvalet granske saka, opp mot mangel på vedtak, budsjett og ang. ordføraren sitt myndeområde opp mot kommunen sitt regelverk samt opp mot kommunelova.

Festen avlyst

Ordførar Jan Ove Tryggestad har lese brevet og påstandane som blir sett fram. Han oppfatta det heile som eit angrep på ordføraren. Måndag var det sak i formannskapet i Stranda.

-Eg hadde ikkje tenkt å slå politisk mynt på å halde denne markeringa. Som ordførar ville eg halde ei kort helsingstale og orientere litt om kommunen gjennom dei 50 siste åra. Resten av festen skulle programleiar og kulturkrefter frå alle bygdelaga ta seg av. Det heile var planlagt å koste 16.000.- kroner med husleige og betaling for programleiing.

Etter ein diskusjon i formannskapet måndag valde eg å seie nei, avlyse heile 50-årsmarkeringa. Som ordførar finn eg meg ikkje i usakelege angrep og argumentasjon. Det var ordføraren som starta det heile og då avsluttar ordføraren det også, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.

Beklageleg

Mange synest det er beklageleg at det populært kalla «Gullbryllaupet» er avlyst, mellom dei også underteikna. Politisk krangel fører oftast til eit dårleg resultat og tener lite innbyggjarane i kommunen. Stranda og Sunnylven har levd eit harmonisk ekteskap på tvers av politiske, kulturelle og idrettslege grenser. Kulturkreftene blømer i denne kommunen og ville vere ei oppleving å få samla ein slik kveld i kommunen si storstove Storfjord Kulturhus. Ja, kvifor ikkje betale litt husleige når ein kan få så mykje tilbake.

Kva om andre krefter spleisar seg saman og held «Gullbryllaupsfesten» på sida av kommunen. Huset er tinga og underhaldningskrefter har alt sagt ja etter det vi forstår. 50 års godt ekteskap er verd ei markering.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380