Lokalnytt

Får plakett for 20 år klassefri mjølk

Solfrid og Ivar Frøysadal fekk blomar av Lars Istad t.v. under årssamlinga i produsentlaget . Imars får dei sin plakett. Til høgre Tor Lie.
Solfrid og Ivar Frøysadal fekk blomar av Lars Istad t.v. under årssamlinga i produsentlaget . I mars får dei sin plakett. Til høgre Tor Lie.

På årssamlinga i Tine Vest blir det delt ut plakett for levering av elitemjølk i 20 år til Solfrid og Ivar Frøysadal frå Sunnylven.

20 års plakett for klassefri mjølk er ei utmerking som heng svært høgt. Ei rekkje krav til kvaliteten av mjølka må oppfyllast for at den skal bli klassifisert som elitemjølk. Celletal, bakterieinnhald, sporeinnhald, syretal og frysepunkt vert kontrollert fleire gonger i månaden, og mjølka vert kontrollert for innhald av medisinrestar ved kvar mjølkehenting. Kravet for å få 20 års plakett er at ein må ha levert elitemjølk i 20 av 22 år, noko Solfrid og Ivar Frøysadal har greidd.

Det vanka rosande ord både frå leiar i produsentlaget Tor Lie og ikkje minst frå Lars Istad, nestleiar i regionstyret Tine Vest. – Det er ein stor prestasjon som også meieriet er glade for. Å få mjølk av beste kvalitet er avgjerande for at meieriet skal produsere varer av topp kvalitet, sa Istad mellom anna.

Plaketten til Solfrid og Ivar Frøysadal og fleire andre blir delt ut under ei høgtideleg tilstelling på årssamlinga i region Vest i slutten av mars.

Region Vest omfattar Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380