Fjerde plass i Skardilten

Tettpakka startfelt under "Birken"på Tingstadgjordet, Rena.

Tettpakka startfelt under «Birken» på Tingstadjordet, Rena.

Gisle Aaland testa «Birken-forma» i Skardilten på Molde laurdag. Det vart fjerde plass i klasse 55-59 år.

Det 40 km. lange turrennet Skardilten med start og innkomst ved Skaret skisenter på Molde er rankingrenn for Birkebeinerrennet mellom Rena og Lillehammer 21. mars.

Laurdag deltok Gisle Aaland, Sunnylven IL i rennet. Han er saman med Paul Tronstad og Hans Kristian Stadheim påmeldt frå Sunnylven IL til den 54 km. lange styrkeprøva i klassisk stil mellom Rena og Lillehammer.

Aaland kom i mål til 4. plass i klasse 55-59 og sluttid 2.32.26. Vinnar av klassa vart Geir Standal, Emblem IL 2.18.23. Tore Loe, Stranda IL deltok i 60-64 år og kom i mål på 2.45.55.

Totalt uansett klasse vart Skardilten 2015 vunne av Harald Birkeland Larsen Molde & Omegn IL på 2.05.58, føre Lars Petter Hauge Valldal IL, 2.06.04

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380