Lokalnytt

God meieridrift i Tine

Fleire store lausdriftsfjøs har blitt bygde i Stranda dei siste åra.
Fleire store lausdriftsfjøs har blitt bygde i Stranda dei siste åra.

Tine Vest hadde eit godt driftsår i 2014. Det gjev rekordstor etterbetaling på mjølkeprisen.

Brutto omsetnad for Tine Vest var nær 21.5 milliard kroner, ein auke på ein milliard frå året før. Det kunne nestleiar i regionstyret Lars Istad fortelje til eit 40-tals mjølkeprodusentar på Hellesylt onsdag kveld. Der var det årssamling i Sunnylven og Stranda produsentlag med orientering om meieridrifta og val av tillitsvalde i produsentlaget.

Lars Istad som kjem frå Voss og driv samdrift saman med ein nabo, hadde mykje positivt å bere fram frå siste driftsår. Det gode resultatet gjev mjølkebøndene ei etterbetaling på literen  på 43 øre. Mjølkeprisen vart med det 5.28 kroner, ein auke på 7.5 % frå året før.

Vi drikk for lite mjølk, det er under 90 liter pr. person, men salet av spesielt Norvegia har auka. Istad var litt bekymra for import, det blir ein konkurrent etter som mjølkeprisane i utlandet har falle mykje.

Sunnmøre og ikkje minst Stranda kommune er eitt av dei store geitdistrikta i landet.
Sunnmøre og ikkje minst Stranda kommune er eitt av dei store geitdistrikta i landet.

Foreslår endra vedtekter

Lars Istad orienterte også om arbeider i eit utval som jobbar med framlegg til nye vedtekter. Der er meieri-Norge tenkt å bli delt opp i fire områder og der eigarområda skal fylje fylkesgrensene. Heile Møre og Romsdal skal bli del av Tine Midt saman med dei to Trøndelag-fylka, mot no der Sunnmøre er saman med Sogn & Fjordane og Hordaland. Desse fylka er tekt saman med Rogaland og dei to Agder-fylka i Tine Vest.

Dette fekk temperaturen til å stige litt på produsentmøtet. Mellom andre lika ikkje Jan Ove Tryggestad å bli trønder utan at han sjølv fekk uttale seg, men berre kasta på seg. Landbrukspolitisk er det på Vestlande vi høyrer heime, sa Tryggestad. Og han fekk støtte av leiar i produsentlaget, Tor Lie som minte om at Sogn & Fjordane og Sunnmøre var mellom dei mest aktive geitområder i landet og burde høyre til same eigarområde. Dette er ei utvikling som vi slett ikkje har bede om, vart det sagt.

Årsmøte i Sunnylven og Stranda Produsentlag

Tor Lie fekk samrøystes fornya tillit som leiar i produsentlaget. Andre i styret er Per Kristian Gjerde og Oddvar Tynes (ny). 1. vara: Egil Jarle Frøysa, 2. vara: Jørn Stadheim.

Ved starten av møtet kunne Tor Lie fortelje at mjølkeproduksjonen i Stranda kommune er større enn nokon gong. I fjor vart det levert 5.0 mill liter kumjølk og vel 1.0 mill. liter geitmjølk. Dette sjølv om året før var eit heller dårleg avlingsår. Det har vore mange negative opplag i media om jordbruket i Stranda det siste året, men produksjonen viser at det ikkje står så dårleg til ute hos bøndene likevel, sa Lie.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380