
Skuleelevar og barnehageborn er flittige brukarar av Sunnylven bibliotek, men også andre finn glede og nytte av boksamlinga i Sunnylven kyrkjelydshus.
I ei fyldig årsmeldinga som støttegruppa la fram på årsmøte i Sunnylven bibliotek tysdag går det fram at biblioteket har hatt godt besøk og stabilt utlån av bøker sidan opninga av filialen 2. oktober 2012. Bibliotekfilialen leiger omlag 60 kvadratmeter i Sunnylven kyrkjelydshus der det er samla kring 10.000 bøker, anslår styrar Marit Ljøen. Leigeavtalen med Kyrkjelydshuset går ut 30. juni, men støttegruppa har søkt om å få forlenge leigeavtalen, opplyste styreleiar Odd Jostein Bjørdal.
I tillegg til ordninga med gratis bøker frå Norsk Kulturfond som sikrar biblioteket mange av dei nye norske bøkene som kjem ut, har støttegruppa i tillegg kjøpt inn 43 bøker i 2014. Støttegruppa vil søkje å supplere med nye også i år går det fram av ein skissert arbeidsplan.
Ynskjer fleire medlemer
Støttegruppa for Sunnylven bibliotek har ansvar for drifta av biblioteket og skal arbeidast for å sikre det økonomiske grunnlaget for biblioteket, utvikle det til eit aktivt og attraktivt folkebibliotek og marknadsføre og arbeide for å auke bruken, heiter det.
Støttegruppa vil skipe til ulike arrangement, søkje om gåvemiddlar til drifta og arbeide for å auke medlemstalet til Sunnylven bibliotek. Siste året var medlemstalet på 32 betalade, ein auke på 12 frå året før. Medlemskontingenten er 100.- kroner.
Rekneskapen for biblioteket kom ut med overskot siste år etter ei omsetning på knappe 29.000.- kroner. Budsjettet for 2015 er på nær same beløp. Dei største utgiftspostane er datalisens, husleige og kjøp av nye bøker.
Val.
Heile styre i støttegruppa for Sunnylven bibliotek held fram. Desse er;
Styreleiar: Odd Jostein Bjørdal.
Styremedlem: Mariann Sundgot Frøysa
Styremedlem: Kari Hauso Stadheim
1.varamedlem: Ingebjørg Sårheim Fivelstad
2.varamedlem: Anne Marie Hauge Ljøen
