Lokalnytt

Godt besøkt laurdagskafe.

Også Tuva Maria t.h. og Emma kjøpte store, fargerike fjør for å pynte fastelavnsbjøka. Farmor Liv Korsbrekke hjelpte litt med å feste fjørene.
Også Tuva Marie t.h. og Emma kjøpte store, fargerike fjør for å pynte fastelavnsbjøka. Farmor Liv Korsbrekke hjelpte litt med å feste fjørene.

Fastelavnsris, betasuppe, bollar, kaffi, saft og kaker var på menyen då Sunnylven sanitetslag inviterte til laurdagskafe på Sunnylven samfunnshus.

Det var jamn og godt trafikk til «nyesalen» på samfunnshuset laurdag. Der baud Sunnylven sanitetslag fram fleire fristelsar, både til pynt og hygge og for sære smakssansar.

Medlemer i Sunnylven sanitetslag hadde halde dugnad og laga ti-talls fastelavnsris også i år. Dei var spente på kor godt salet ville gå av risbukettane som var pynta med fargeglade fjør og logomerket til Norske Kvinners sanitetsforeining.

Sanitetsdamene løyvde fastelavnsris, men dei var godt nøgde med salet likevel. Også store fargerike fjør til den store fastelavnsbjørke i vestibylen på samfunnshuset gjekk bra. Det vart eit flott pynta tre på slutten av kafedagen.

Alle som var innom kafeen såg ut til å like tiltaket, Drøsen gjekk godt og betasuppe, fastelavnsbollar og alt det andre falle i smak. Tydeleg vis eit tiltak mange sette pris på og som engsjerte sanitetsdamer kjem til å skipe til også ein annan gong.

Og Sunnylven sanitetslag var nøgde med besøk og sal som gav eit fint beløp i lagskassa. Det er inntekter som laget deler ut til gode formål i bygda, men kva overskotet frå laurdagskafeen skulle gå til var ikkje bestemt, fekk vi opplyst.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380