Havlanddagar i Sparebanken Møre

To som fekk møte Tare på Hellesylt var Jakob Sæther til venstre, og Even Lade.

To som fekk møte Tare på Hellesylt var Daniel Sæther til venstre, og Konrad Lade.

Havlanddagane i Sparebanken Møre er i gong. Også i banken på Hellesylt vart det ekstra lang opningstid onsdag.

Onsdag 25. februar var Tare, den store, snille verten under Havlanddagane på plass i Sparebanken Møre sine lokale på Hellesylt. Mange fekk helse på den staute maskotten som rundhanda delte ut gullpengar, sjokolade innpakka i gullpapir til alle.

Det var jamt besøk heile dagen, spesielt av born som kom med «feite» sparegrisar for tømming av pengar og innseting på sparekonto.

Sparing lønner seg

Også fleire eldre stakk innom Havlanddagane der det var kjentfolk å treffe over ein kopp kaffi og god marsipankake.

Havlanddagane til Sparebanken Møre er eit framhald av det som starta som Sparebankveka på 80-talet, og som seinare vart Sparebankdagane.

-«Dagane» har mest fokus mot born og sparing. Økonomi er med på å forme framtida, så med sparing har dei unge noko å betale med når dei skal ta utdanning eller kjøpe seg både bil og andre ting dei har lyst til, sa banksjef Stig Tryggestad.

Ved rundt tretti avdelingskontor feirar Sparebanken Møre Havlanddagar kvart år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380