Hellesylt Ungdomslag

HUL

Hellesylt Ungdomslag, skipa 1904, innmeldt i Sunnmøre frilynde undomssamskipnad i 1910.

Det fyrste året var medlemstalet 84. Om oppgåvene til ungdomslaget står det i & 1; «Ungdomslaget har til formål , på kristeleg grunnlag, å arbeide for norskdom, fridom  og opplysning. Dette vil laget søkje å nå gjennom foredrag, opplesing og ordskifte om så vel  kristelege som almenn-menneskelege emne».

Hellesylt Ungdomslag hadde eige hus, «Fossedur» frå 1926 til 1981, då gjekk laget med og vart ein av dei største partseigarane i Sunnylven samfunnshus PL.

Ungdomslaget er eigar av badehuset på Hellesylt. Badehuset frå 1930-åra vart kåra til Stranda kommune sitt kulturminne i 1997, og fekk vernestatus i 2009.

I alle år har det blitt spela skodespel i Hellesylt Ungdomslag. I dag er HUL-teatret mellom dei mest kjende amatørteater i landet.

Val for 2017.

Hovudstyre: Leiar; Marianne Fivelstad

Styremedlemer; Geir Frøysa, Oleanne Sjåstad, Wenche Solli, Kim Sture Flo

Varamedlemer: Margretha Helset Janssen, Synnøve Kjellstad, Silje Stadheim.

Barnelaget; Wenche Ringdal, Ann Kristin Wollsæter, Lillian Støverstein, Petrin Friestad, Susanne Ringdal

Teatergruppa; Marianne Fivelstad, Torstein Fivelstad, Linn Kammen, Synnøve Sæter, Solveig Espe

Badehusstyre; Asle Ringdal, Tarjei Korsbrekke, Kristoffer Frøysa, Inge Korsbrekke, Even Andre Bjørneset.

Valnemnd; Knut Dag Langeland, Egil Røyrhus, Per Kjell Leite

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380