Lokalnytt

Ikkje planlagt vedlikehald av Grand Hotel

Grand Hotel, Hellesylt.
Grand Hotel, Hellesylt.

Gamle Grand Hotel på Hellesylt er i dårleg forfatning. Spesielt manglande vedlikehald utvendig ser mange på som ei skam for bygda og eigaren.

Hellesylt.info har vore i kontakt med reiselivsselskapet 62 Nord ang. Grand Hotel på Hellesylt. Selskapet har inngått ein utleigeavtale der vedlikehald er innbaka, men til no er ingen ting utbetra. Framleis er den gamle bygninga frå 1903 prega av roteskadar, knuste ruter og mangel på måling.

Vi har motteke dette svaret frå selskapet:

-Knut Flakk som eig Grand Hotel Hellesylt, har leigt ut hotellet med tilhøyrande bustadhus til Ramazan Øcal for ein periode på 5 år (2013 – 2017). Som ein del av denne avtalen har Ramazan Øcal teke over alt ansvar for vedlikehald av hotellet inklusive utvendig vedlikehald av bustadhuset og gamlemeieriet. Flakk forventar at leigetakaren held seg til inngått avtale og syter for at bygga vert halde godt vedlike i leigeperioden-.

Vi har fått opplyst at 62 Nord har tilsett ein eiendomsforvaltar  som har vore på Hellesylt og sett på Grand Hotel. Kva som er aktuelt å gjere framfor ein ny turistsesong for å forbetre det visuelle inntrykket av bygget, er ikkje kjent.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380