Imponerte med minikonsert

HELDT MINIKONSERT: Frå venstre: Gunnar Inge Eide, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Erik Torset.

HELDT MINIKONSERT: Frå venstre: Gunnar Inge Eide, Kristin Storstein, Oddbjørg Stadheim, Erik Torset.

Kva var minikonsert, to – tre, nei fire songar var ein minikonsert meinte dei fire som underheldt med songinnslag både på norsk og engelsk under årsmøtet i kyrkjelyden.

Kvartetten med Gunnar Inge Eide piano, Erik Torset gitar, Kristin Storstein og Oddbjørg Stadheim song stod for meir enn eit flott innslag under årsmøtet til Sunnylven kyrkjelyd søndag kveld. Med få øvingar på hørehand stilte dei på og framførte vakre songar som glede forsamlinga.

Minikonserten opna med «Her er det et lite barn som kommer», ein song av Kari Bremnes skrive til ein kongeleg barnedåp for ni år sidan, fortalde Gunnar Inge Eide. Deretter vart det ein klassikar frå Eide sin «ungdom» som han uttrykte det, Tore Ås og Oslo Gospel Choir sin «Your Love».

Konserten fekk ny stigning når dei fire framførte Bjørn Eidsvåg sin «En tåre renner», og det tok retteleg av i den siste, «Lean on me» der heile forsamlinga til slutt og etter eit «lynkurs» måtte ta del i gymnastiske bevegelsar etter songen sine rytmer. Alle songane var henta frå den nye salmeboka.

Eit triveleg og flott programinnslag av dei fire som mange heilt sikkert ynskjer å høyre meir frå ved seinare arrangement.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380