Justerer arealkrav for hjorteløyve

Reduserte avlingar er ei av ulempene ei stor hjortestamme fører med seg.

Reduserte avlingar er ei av ulempene ei stor hjortestamme fører med seg.

Hjortebestanden i Stranda kommune er veksande. Viltnemnda ser no på arealkrava for eventuelt å kunne tildele fleire fellingsløyve.

Stranda kommune har ein av dei tettaste hjortebestandane på nordvestlandet. Med justerte minsteareal vil kommunen ha verkemiddel til å gje fleire fellingsløyve dersom det syner seg naudsynt om hjortestamma held fram å vekse.

Desse arealkrava pr. fellingsløyve hjort er sendt ut på høyring. (tidlegare arealkrav).

Liabygda 800 da. (800)

Geiranger 1200 da. (1200)

Sunnylven 500 da. (800)

Resten av kommunen 600 da. (800)

Ulemper av stor hjortebestand

Sekretær i Viltnemnda Asle Johan Bergseth Konnerth seier dei har sendt ut forslaget på høyring og til no er det kome inn uttale frå Langedalen i Sunnylven , frå Oaldsbygda jaktlag og Stranda Bondelag. Viltnemnda ventar på uttale frå Sunnylven Bondelag før fristen 1. mars.

Ei stor hjortestamme fører med seg mange problem. Hjernemarkproblematikk hos sau er i følgje veterinærar ei av dei nye oppdagingane, fortel Konnerth. Men også andre uheldige konsekvensar av mykje hjort er bilpåkøyrsel, flottborne sjukdomar som raupiss og borelia, beiteskadar på skog, avlingstap på innmark, redusert biologisk mangfald og fallande slaktevekt på hjorten.

Fellingsrapport 2014

Tek ein med Stavseng som er registrert under Stordal, vart det felt 508 hjort i Stranda kommune i 2014. Det er ny rekord som fordeler seg slik på hjortevalda; (fellingsprosent av tildelte løyver)

Nedre Sunnylvsbygda – 37 (74.0)

Øvre Sunnylvsbygda – 74 (81.3)

Langedalen – 95 (77.9)

Oaldsbygda – 16 (59.3)

Geiranger 18 – (45.0)

Bygda, Stranda – 38 (76.0)

Habostaddalen – 22 (81.5)

Helstad – 64 (103.2)

Stranda sør – 45 (78.9)

Stranda nord – 30 (78.9)

Fausadalen – 21 (77.8)

Liabygda, utan Stavseng – 31 (62.0)

Blomberg – 2 (100.0)

Syltavik – 1 (50.0)

Det var tildelt 645 fellingsløyver og felt 494, ein fellingsprosent på 76.6 i 2014, mot 85.3 prosent året før. I 2014 skaut jægerane 60 hannkalvar, 58 hunnkalvar, 88 hanndyr 1.5 år, 66 hunndyr 1.5 år, 126 eldre hanndyr og 96 eldre hunndyr viser fellingsstatestikken frå viltnemnda i Stranda kommune.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380