Karneval i barnehagen

Karneval 1

I Sunnylven Barnehage hadde dei sitt årlege karneval torsdag. Også ein tryllekunstnar var på besøk.

Alle dei 25 borna i barnehagen var på plass i flotte karnevalsdrakter heile dagen torsdag. Då vi stakk innom var det pause og tid for måltid som såg ut til å falle i smak, nemleg pizzasnurra baka i barnehagen i høve dagen. Servitørane var dei tilsette, også dei utkledde for karneval.

Mest stas fann vi kring borda, der sat ballerinaer, Kaptein Sabeltann, mange prinsesser, ein løve og fleire skumle sjørøvarar. Dei var nok snillare enn dei såg ut til.

Også ein tryllekunstnar som heitte Åsejaldo var innom i barnehagen og trylla vekk det mest utrulege. Til slutt greidde trolldomen gjennom «hokus, pokus, filiokus» å trylle også underteikna ut av barnehagen. Det var litt trist , det var triveleg  vere der, men eg fekk då med meg nokre fine bilete. Berre sjå!!

Karneval 3

Karneval 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380