
Handarbeidskaféen i Hellesylt Bygdetun har skifta namn til måndagskafé. 2. februar er det ny samling i det nye stovehuset.
Det har kome leiinga i Bygdetunet for øyre at enkelte synest at dei ikkje kan kome fordi dei ikkje gjer handarbeid.
-Med eller utan handarbeid, det viktigaste er tross alt det sosiale og at DU KJEM og er med og skaper liv i «nyehuset» i Bygdetunet-, heiter det frå vertskapet for måndagskaféen. Det blir høve til å kjøpe kaffi og kake som før.