Lokalnytt

Mange trimmar i Hellesylt Treningssenter

I full gang med fredagstrimmen. Frå venstre Lars Fivelstad, Oddmund Fivelstad, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad.
I full gang med fredagstrimmen. Frå venstre Lars Fivelstad, Oddmund Fivelstad, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad.

Hellesylt Treningssenter er attraktivt, ikkje berre for norske, men også for trimmarar frå andre land.

Hellesylt Treningssenter held til i fyrste høgda hos Trygg Trykk og her er det aktivitet stort sett heile døgnet. Senteret er eigd av Sunnylven Idrottslag, og Susanne Ringdal er leiar i undergruppa som administrerer senteret. Ho fortel at mellom 40 – 50 personar har betalt avgift og har tilgang til å bruke det dei vil av dei mange og varierte treningsapparata. Mellom trimmarane er også fleire frå andre Europeiske land som arbeider på Hellesylt.

Mange trimapparat

Det kostar i drive eit så stort treningssenter så det er innført avgift for alle som brukar det. Årsavgifta for pensjonistar er 1000.- kroner, for andre 2.000.- kroner og familiar 4.000.- kroner. Det kan også betalast for kortare periodar, tre månader eller eit halvt år, seier Susanne. Ho fortel om mykje og variert utstyr, noko vi registrerte ved vårt besøk i lokala. Der var vekter, syklar, romaskin, fleire apparat for styrking av bein, rygg –og magemusklar, tredemøller og ein nybygd klatrevegg. Også fleire vanlege gråstein til å løfte låg klar for den som orka å teste krefter, den eine vog 110 kilo.

Faste trimdagar

I Hellesylt Treningssenter møtte vi Oddmund Fivelstad, Arne Tronstad, Arnfinn Tryggestad og Lars Fivelstad. Dei var i full gang med si faste fredagstrening, ein av tre dagar i veka. Pensjonistane var ikkje fulltallige denne dagen, for til vanleg er dei sju i lag. Oddmund og Arne var nettopp starta på gåtur på tredemølla, dei var komne om lag 400 meter i veg på rundt fire minutt, viste displayet. Kor langt dei hadde tenkt å gå veit vi ikkje. Dei gjekk då vi gjekk…

Sjuande året

På tredemølla kunne ein også lese av fart, kaloriforbruk, puls og mykje anna. Arnfinn brukte maskina der bevegelsane var dei same som på skitur og langrenn, Lars starta opp med ein sykkeltur.

Hellesylt Treningssenter er inne i det sjuande året etter at det starta i 2009, og stadig har det blitt utvida med nye og fleire apparat. Noko av utstyret er eigd av private, men det meste er kjøpt inn av idrettslaget. To tredemøller er gåve til senteret, den eine frå Per Magne Grøndal og den andre av Gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380