Lokalnytt

Ny kyrkjelydssekretær.

Josefine Blindheim ved kontoret på Hellesylt.
Josefine Blindheim ved kontoret på Hellesylt.

Josefine Blindheim, Stranda er tilsett som kyrkjelydsekretær i Sunnylven. Ho tok til i jobben 1. oktober i fjor.

Josefine Blindheim er opphaveleg frå Sverige, men busett på Stranda med familie og tre barn. Ho pendlar til jobben på Hellesylt to dagar i veka, vanlegvis kvar tysdag og torsdag.

Josefine, som tidlegare har jobba 10 år som hjelpepleiar likar seg godt i jobben ved kyrkjekontoret. Det er ei 40 % stilling der arbeidet går på registrering av det som skjer i kyrkjelyden, ta mot telefonar inn til kyrkjekontoret, og vere sekretær på soknerådet sine møter.

I tillegg til jobben i Sunnylven  har ho også ei 10 % stilling ved kyrkjekontoret på Stranda, og ho studerer på fulltid. Om to år håper ho å vere ferdig med sin bachelor i «Rekneskap og administrasjon». Mykje å jobbe med, men likevel blir det tid til skiturar på Strandafjellet saman med familien både titt og ofte, fortel ho.  –Vi må kome oss ut på ski så ofte som råd når vi har eit så flott skianlegg like inn på oss, seier Josefine Blindheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380