Prisauke med turistferja

Det blir auka billettprisar på turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger til sommaren. Her er Bolsøy ved Matvika.

Det blir auka billettprisar på turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger til sommaren. Her er Veøy ved Matvika.

Det blir auka prisar på Verdsarvfjorden mellom Hellesylt og Geiranger når turistferja startar ein ny sesong frå 1. mai.

Ferjebillettane på turistferjene mellom Hellesylt og Geiranger aukar med meir enn 50 % til sommaren. Det viser takstane i ruteheftet for sesongen som startar 1. mai og varer ut september. For ein personbil aukar billetten frå 320.- til 490.- kroner, for vaksne frå 160.- til 245.- kroner ,og for born frå 79.- til 125.- kroner. For dei aller største bussane blir billettprisen 1820.- kroner.

Nytt selskap

For fleire sesongar sidan vart ferjeruta mellom Hellesylt – Geiranger teke ut av stamrutenettet og blir i dag drive komersielt av Fjord1 saman med ferjeruter på Lysefjorden og Gudvangen – Flåm, utan noko form for statsstøtte. Fjord1 og Flåm AS har frå og med sesongen 2015 gått saman og driv fjordbasert aktivitet gjennom eit nytt selskap The Fjords.

Samordnar prisane

Driftsdirektør i Fjord1, Stian Hårklau forklarar prisauken med at selskapet vil samordne billettprisane med takstane på to andre turistruter i det nye selskapet The Fjords, på Nærøyfjorden og Gudvangen-Flåm. Prisauken har ikkje noko med danning av det nye selskapet, men takstane på Geirangerfjorden har vore lave i forhold til lenger sør, seier han.

Stian Hårklau fryktar ikkje nedgang i trafikken grunna auka billettprisar, på Nærøyfjorden og Gudvangen-Flåm har trafikken vore god med det prisnivå som no blir innført på turistruta Hellesylt-Geiranger. Han opplyser at økonomisk har turistruta mellom Hellesylt og Geiranger, som går på «eigen kjøl» utan statsstøtte, kome ut om lag i null kvart år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380