Quiz-siger for Vomb-i-skjinn
Quiz-kvelden på Hægstad Gård laurdag vart suksess. Eit mannsterkt lag kunne flest rette svar i ein variert spørsmålsmeny og gjekk av med sigeren.
Ti lag kjempa om ære og fyrstepremie på 500.- kroner då fotballgruppa i samarbeid med Peer Gynt Galleriet arrangerte Quiz-konkurranse laurdag kveld. Tiltaket vart populært med god deltaking, sjølv om veret ikkje var det aller beste.
Eivind Helset og Jens Arve Forbord hadde sett saman tretti spørsmål som gjekk over to rundar. Her vart kunnskapane testa i mykje, historie, norsk musikk, geografi og lokale spørsmål, også henta frå nettstaden hellesylt.info. Det var spørsmål i musikk, natur og vitenskap, film og internasjonal musikk, med andre ord ein konkurranse for unge og gamle allvitarar.
Fem staute karar på laget «Vomb-i-skjinn» gjekk sigrande ut av Quiz-tevlinga ganske så suverent. Vidar Even Leite, Jo Endre Frøysadal, Ole Åsen, Bård Forbord og Trond Tryggestad sanka seg 34 poeng, heile seks poeng føre «I topp Form(vac)». På tredje plass kom «The 2 intruders and a girl».
Quiz-kvelden vart så vellukka at arrangøren vurderer å invitere til nye samkomer i kunstgalleriet og Hægstad Gård. Kanskje ein ny runde om nokre veker igjen, og i alle fall i påska, lovar Eivind Helset. Det er kjekt når ein får gode tilbakemeldingar på det ein arrangerer, seier han.
Her er resultatlista. (Poeng etter kvar runde) :
«Vomb-i-skjinn» 34 (22-12)
«I topp Form(vac)» 28 (17-11)
«The 2 intruders and a girl» 27 (16-11)
«Feriekameratane» 23 (14-9)
«Troika» 22 (11-11)
«Bare skriv det du» 21 (11-11)
«Old stars» 21 (12-9)
«Haugtussane» 20 (11-9)
«Norsk Tipping» 18 (11-7)
«Tequilas» 16 (8-8)