11. april 2026

Skada forbygning i lakseelva

Muldsvor Maskin er i full gong med utbedring av elveforbygginga.
Muldsvor Maskin er i full gong med utbedring av elveforbygginga.

Under storflaumen i fjor haust var Bygdaelva i ferd med å grave under elveforbygninga ved Korsbrekkebrua.

Det var store krefter i sving under flaumen i oktober i fjor. Det meste gjekk bra sjølv om Bygdaelva i Sunnylven var særs vassrik og nær ein 50-års flaum.

Ved Korsbrekkebrua hadde den flaumstore elva grave i botnen under elveforbygginga på sida mot fylkesvegen. No er Muldsvor Maskin i gong med å forsterke forbygginga.

Brukaret på Korsbrekkebrua var ikkje i fåre denne gongen, men skaden var nær brua og viktig å utbedre for å unngå at elva gjer meir skade neste gong, seier Ole Morten Muldsvor. Maskinfirmaet forsterkar no den steinsette forbygginga i ei lengd av 30 – 40 meter.

Korsbrekkbru 2

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →