Solid av Sunnylven Idrottslag

Aktiviteten i Sunnylven IL er stor og god. Her frå Hellesyltløpet under Sommardagar på Hellesylt 2012.

Aktiviteten i Sunnylven IL er stor og god. Her frå Hellesyltløpet under Sommardagar på Hellesylt 2012.

Sunnylven Idrottslag seglar i medvind. Det fortalde årsmeldingar frå hovedstyre og undergrupper i den gjeldfrie «millionbedrifta».

Jens Vik held fram som leiar i Sunnylven Idrottslag. Også resten av hovedstyre og andre tillitsvalde kom på plass då laget heldt årsmøte torsdag. Det er fyrste gong på tre år at det ikkje må kallast inn til framhaldande årsmøte for å få alle val på plass.

Under eit positivt årsmøte med 20 medlemer til stades vart det lagt fram årsmeldingar som alle vart klubba gjennom utan merknader. Laget som har over 400 betalande medlemer engasjerer seg også i andre gjeremål enn idrett. Sunnylven IL har vore fast 17. mai-arrangør og stiller opp på innsamlingsaksjonar.

Hevdar seg godt

I alle undergrupper blir det jobba godt. Friidrett/trim står for gjennomføring av fjelltrimmen som i 2014 hadde rekorddeltaking med heile 13554 besøk. Også Hellesyltløpet har god deltaking frå store deler av landet med 100 til start i fjor.

Skiskyttargruppa driv godt og kunne i årsmeldinga vise til fleire gode plasseringar mellom rundt 20 som driv skiskyting på vinterstid. Også langrennsgruppa i laget held på å «vakne» igjen og fekk Sunnylven IL på fyrste side av resultatlistene ved fleire renn i 2014.

Mange i treningssenteret

Fotballgruppa registrerte rundt 100 aktive i fjor. Diverre er seniorfotballen i klubben i ein bølgjedal, men mellom åtte lag i yngres var det mykje speleglede og jubel på Hellesylt stadion. Det ligg an til like mange lag i år, har vi fått opplyst.

I lokala til Hellesylt Treningssenter er det lys mest heile døgnet. Mellom 50 – 60 har kjøpt medlemskort og har tilgang til treningssenteret. Der er det no behov for ein del vedlikehald av lokala, ny ytterdør, golvbelegg og betre belysning, står det i årsmeldinga.

Gjeldfri

Rekneskapen viser solide tal for Sunnylven Idrottslag. Laget er ei «millionbedrift» med driftsinntekter på 1.166.891.- i 2014. Totale kostnader var på 993.694.-.

Laget er no gjeldfritt og har pengar på bok. Det er eit årsresultat leiinga bør vere stolte av. Som kjent har Sunnylven Idrottslag ny fotballstadion med klubbhus. Lysløype med anlegg for skiskyting, nesten ny løypemaskin og ein anleggstraktor. I tillegg fleire små og store eigendeler.

Val.

Hovedstyre: Jens Vik leiar, Geir Frøysa nestleiar, Tarjei Korsbrekke sekretær, Leif Rune Tryggestad, Hans Hole, Magne Brekke, Jostein Ringdal, Frode Nessan.

Friidrett/trim: Jostein Ringdal leiar, Ole Johnny Brekke, Gunnar Fivelstad, Ruth Hole Aaland, Amund Lien, Geir Ove Hauge.

Langrennsgruppa: Hans Hole leiar, Gisle Aaland, Linn Kammen, Fredrik Helset, Anniken Hjellbakk Hole,.

Skiskyttargruppa: Magne Brekke leiar, Lisbeth Lervik, Magnar Tufte Tyssen, Line Høgalmen Støverstein.

Fotballgruppa: Leif Rune Tryggestad leiar, Egil Røyrhus, Kirsti Frøysadal Hauge, Per Kjell Leite, Lillian Aasheim, Per Ove Frøysa, Åse Støverstein.

Sponsorgruppa. Frank Øksvang leiar, Magnar Hauge.

Kioskgruppa: Ester Kjellstadli leiar, Margreta Helset Janssen, Erna Hellebostad.

Banenemnd: Frode Nessan leiar, Ole Aasen, Bård Forbord, Eivind Louis Helset, Stein Kristoffersen, Bjarne Sjåstad.

Hellesylt Treningssenter: Susanne Margrete Ringdal, leiar, Trond Tryggestad, Iner Ann Nybø Vik, Rebecca Ringdal, Arne Tronstad.

Revisorar: Anne Karin Brenne Ringdal, Rita Rydning Røyrhus.

Representant til idrettsrådet i Stranda kommune: Knut Dag Langeland.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380