Lokalnytt

Stabilt kyrkjebesøk i Sunnylven

På Massing-Andersplassen i Åsen vart det halde gudsteneste med dåp i fjor.
På Massing-Andersplassen i Åsen vart det halde gudsteneste med dåp i fjor.

Sunnylvingar går til kyrkje like bra som før. Det viser årsmeldinga frå Sunnylven kyrkjelyd.

Søndag kveld var det årsmøte i Sunnylven kyrkjelyd. Etter ei kort gudsteneste ved sokneprest Stein Karstensen,  orienterte leiar i Sunnylven sokneråd Stig Tryggestad frå årsmelding og rekneskap til kring 25 – 30 frammøtte.

Årsrapporten omhandlar fleire aktivitetar i kyrkjelydsarbeidet, trusopplæring, konfirmantarbeid, ungdomsarbeid, samarbeid kyrkje og barnehage, samarbeid kyrkje og skule, kyrkjemusikk, ungdomskoret Joyful, og sjølvsagt gudstenester med statistikk.

Gudstenester

I 2014 vart det halde 27 gudstenester, det same som året ør. Fem av gudstenestene vart haldne i det fri, på Massing-Andersplassen i Åsen, Høgreiten under Sommardagar på Hellesylt, i Sunnylvs-Moldskreddalen, på Flofjellet og på Ljøbrekka.

2331 personar kom til gudstenestene, det same som året før. Gjennomsnittleg var 86 personar til stades på kvar gudsteneste , om lag som i tidlegare år. Berre i 2009 med 150-års jubileum for kyrkja og i 2011 med gudsteneste under Storfjordstemne i Matvik var snittet vesentleg  høgare.

Statistikken viser også at 12 ungdomar vart konfirmert i 2014,tre ekteskap vart vigsla i kyrkja, to born vart fødde i Sunnylven i fjor, men sju vart døypte, og fem døydde og vart gravlagde.

Mange innom opa kyrkje

Under kyrkjelyden sitt årsmøte i fjor vart det vedteke å gå til innkjøp av den nye salmeboka. Ved innsamlingar i kyrkjelyden kom det inn kr. 18.348.- og i november vart det kjøpt inn 100 salmebøker.

Også i fjor var Sunnylven kyrkje opa for innsteg og framvising for turistar. Fleire tusen besøkte kyrkja, står det å lese i årsrapporten.

Det er no vedteke å starte opp arbeid med å regulere kyrkjegarden ved kyrkja slik at den kan takast i bruk. Dette arbeidet inneber også opprusting av smijarnsrekkverket.

Sokneråd og utval:

Sokneråd:                                                                                                                                                                                                                                                                               Leiar: Stig Tryggestad.                                                                                                                                                                                                                                                  Nestleiar:Tor Tryggestad                                                                                                                                                                                                                                                                          Medlemer: Ann Kristin Langeland, Berit T. Hole, Lilli Karin Ljøen, Odd Jostein Bjørdal, Solveig Førde, Marit Hellebostad, Åse Støverstein (1. vara), Mariann Sundgot Frøysa (2. vara). Geistleg rep.: Sokneprest Stein Bernhard Karstensen.

Gudstenesteutval: Ann Kristin Langeland, Berit T. Hole, Kristin Storstein, Gunnar Inge Eide, Astrid R, Ringdal, Ingebjørg S. Fivelstad, Stein Karstensen.

Årsmøtet i Sunnylven kyrkjelyd vart halde på Kyrkjelydshuset.
Årsmøtet i Sunnylven kyrkjelyd vart halde på Kyrkjelydshuset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380