LokalnyttLokalsport

Stiller fleire fotballag

Sunnylven stiller ikkje herrelag, men det blir mykje forball på Hellesylt stadion likevel. Her er det Klubbens dag i 2013.
Sunnylven stiller ikkje herrelag, men det blir mykje forball på Hellesylt stadion likevel. Her er det Klubbens dag i 2013.

Sunnylven Fotball har meldt på tre lag i fotball i dei yngste årsklassene så langt. Fire nye lag blir klare seinare.

Det blir ikkje herrelag i fotball i Sunnylven i 2015. Men det blir mykje fotball på Hellesylt stadion likevel. Då fyrste frist for påmelding 25. januar gjekk ut hadde Sunnylven Fotball tre lag i aldersbestemte klasser klare. Klubben stiller J 16 9-ar, J 14 7-ar, og G 13 9-ar, fortel leiar i fotballgruppa, Leif Rune Tryggestad. Neste frist for påmelding er 1. mars og då håper han å kunne melde på fire nye lag i yngres avdeling.

Har fått dispensasjon

Tryggestad fortel at klubben stiller 9-ar lag i jenter 16 år fordi dei har søkt og fått dispensasjon for å bruke tre gutar på laget. Også gutar 13 år stiller som 9-ar lag då fotballkretsen har godkjent at klubben kan bruke tre spelarar som er eitt år for gamle.

I tillegg er fire lag aktuelle å melde på 1. mars, J12, J09, G11, og G08 år.

Før årsmøtet i Sunnylven IL 26. februar skal fotballgruppa ha spelarmøte der dei mellom anna skal drøfte om det er aktuelt å melde på lag til Norway Cup i Oslo. Dette er også eit økonomisk spørsmål, seier fotballeiaren.

Stiller felles damelag

Stranda og Sunnylven stiller felles damelag i 2015-sesongen. Stranda blir administrativt ansvarleg klubb.

Sunnylven og Stranda har stilt felles damelag i 3. divisjon dei tre siste sesongane, då med Sunnylven som ansvarleg kontaktklubb for laget. For 2015 er det søkt om at Stranda tek over det administrative og at laget spelar i raudt og blått, i Stranda sine klubbfargar.

Sunnylven/Stranda var eit sølvlag i 3. div. damefotball i fleire sesongar. I fjor fekk laget mange unge og uerfarne i spelargruppa og laget hamna sist på tabellen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380