Strålande innsats av Kristine

Kristine Hjellbakk Hole er i storform og gjorde to gode renn i Holmenkollen. (Foto: Anniken H. Hole)

Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL susa inn til delt 15. plass i Ungdomens Holmenkollrenn søndag.

Kristine som går i J 13 gjorde eit stort fristilløp i nasjonalanlegget Holmenkollen søndag. Det vart 15. beste sluttid mellom 189 deltakarar i klassa.

Som laurdag var det Anna Heggen, Harestua IL som vann. Sluttida 8.19 var  43 sek. før Kristine, Sunnylven IL sin gode representant.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380