6. mars 2026

Til fylkesmønstring i UKM

Maria Langeland gjekk vidare i UKM med songen "Holes".
Maria Langeland gjekk vidare i UKM med songen «Holes». (Arkivfoto)

To innslag frå Hellesylt gjekk vidare til fylkesmønstring frå UKM på Stranda 1. februar. Det melder sunnmoringen.no

Til eige gitarakkompagnement framførte Maria Langeland songen «Holes» og sikra seg avansement til fylkeskulturmønstringa. Også bandet «Nameless» frå Sunnylven skule gjekk vidare etter å ha begeistra med «Leite etter lykka», ein låt som gruppa Hellbillies har gjort stor suksess med.

I skulebandet ar desse med: Knut Iver Røyrhus slagverk, Maria Langeland vokal, Bertine Lade gitar, Ingeborg Langeland piano og lærar Erik Torset på bass.

Fylkesmønstringa i UKM er i Herøy i april.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →