Lokalnytt

Vandrar rundt i Sunnylvsbygda

Ei hjortekolle er bedøvd for å bli merka. Bedøvinga varer ca. ein time. (Foto: Asle Johan Bergseth Konnerth)
Ei hjortekolle er bedøvd for å bli merka. Bedøvinga varer ca. ein time. (Foto: Asle Johan Bergseth Konnerth)

To hjortekoller på Hauge og ein bukk på Stadheim fekk øyremerke og GPS-sendarar for knappe to veker sidan. Føl vandringa deira på www.hjortmerk.no

Bioforsk utfører merking av hjort i kommunane Sykkylven, Stranda og Norddal. Prosjektet blir kalla «Sunn hjort» og planen er å merke 16 dyr i løpet av vinteren i dei tre kommunane, opplyste kontaktmann Asle Johan Bergseth Konnerth i januar til hellesylt.info

I Sunnylven er det merka tre dyr så langt, to koller på Hauge og ein bukk på Stadheim. Dei fekk øyremerke og GPS-sendar og no kan ein sjå kvar dyra held til. Dei er i Sunnylvsbygda, men har flytta på seg noko. Måndag kveld gjekk eitt dyr i Reitane på Frøysa, ei kolle er ved Høgenakken på Hauge og det tredje ved Storgjølet nær Hellebostad.

På dataskjermen

Gå til www.hjortmerk.no og få fram kartet som viser kvart hjortedyra held til.

Kort framgangsmåte: Sjå etter Merking på Sunnmøre-Prosjekt Sunnhjort. Klikk på WebGIS og eit kart kjem opp. Klikk kikkert og pluss zoom oppe til venstre, hald nede venstre museknapp og lag ein kvadratcentimeter stor firkant kring den gule markeringa på Hellesylt. I eit mindre kart ser ein då tre gule punkt. Gjer det same på kvar av dei gule punkta og ein ser kvar dei merka dyra held seg i terrenget.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380