Vegen i Berga blir utbetra

Ordførar Jan Ove Tryggestad til venstre og næringssjef Inge Bjørdal ved Vardejuvet. Djupt under til høgre renn Bygdaelva.

Ordførar Jan Ove Tryggestad til venstre og næringssjef Inge Bjørdal ved Vardejuvet. Djupt under til høgre renn Bygdaelva.

Fylkesveg 80 i Berga mellom Frøysa og Hole blir utbetra. Arbeidet vil truleg kome i gong alt til hausten.

Fylkesvegen mellom Frøysa og Hole held ikkje den standard som dagens vegfarande ynskjer. Vegen har etter kvart blitt utrygg å ferdast på, spesielt vinterstid med mykje is i bergveggen bak . No går det mot utbetring, kan ordførar Jan Ove Tryggestad fortelje.

Næringssjef i Stranda kommune, Inge Bjørdal har vore i kontakt med Ole Jan Tønnesen i Statens Vegvesen på Molde. Der i frå er det kome positivt svar der det blir stadfesta at Statens Vegvesen har sett av pengar til prosjektet for 2016 til utbetring av det smale partiet på Varden, Vardegjelet mellom Frøysa og Hole.

Utbetra til 2016

På grunn av justeringar/forseinkingar i andre prosjekt kan SVV kome til å forsere arbeidet i Vardegjelet. Såleis kan arbeidet bli lyst ut på anbod alt i august og med mogleg oppstart i oktober, bekreftar Tønnesen. Det blir presisert at framdrifta byggjer på ein del usikre faktorar, men om det går som tenkt vil utbetringa vere ferdig gjennomført innan våren 2016. Det er då akkurat 75 år etter at noverande veg vart teken i bruk sommaren 1941.

Einaste vegsamband

-Ei svært gledeleg melding, seier ordførar Jan Ove Tryggestad. Han minner om at vegen var bygd under andre forhold og ikkje tenkt for dagens trafikk. Vegen er også det einaste vegsambandet for alle som bur øvst i Sunnylvsbygda frå Hole til Vollset.

At vegen får ei standardheving er viktig, seier ordføraren. Dagleg køyrer både store og tunge køyrety opp og ned Berga på fylkesveg 80, og han nemner mjølkebil, kraftforbilar, gravemaskin –og jordbrukstraktorar i tillegg til mange småbilar. Dagleg går det skulerute forbi Vardegjelet og om sommaren køyrer der fullasta bussar med cruiseturistar som går turen over Flofjellet frå Vollset til Flo.

Ordførar Tryggestad håper arbeidet kjem i gong som skissert frå Statens Vegvesen, og han legg til; -Dette var ei svært gledeleg melding å få-.

Ordførar og næringssjef lika slett ikkje oppisinga i bergveggen over vegbana

Ordførar og næringssjef lika slett ikkje oppisinga i bergveggen over vegbana

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380