World Base Race til Helsetkopen

Frode, Amanda og Even, alle med luftige hopp frå Helsetkopen i bakgrunnen.

Frode, Amanda og Even, alle med luftige hopp frå Helsetkopen i bakgrunnen.

Om ikkje uforutsette ting oppstår blir det nye konkurransar i fjellflyging frå Helsetkopen til sommaren.

World Base Race 2015 blir arrangert frå det 1246 meter høge fjellet Helsetkopen i Sunnylvsbygda. Konkurransane er bestemt å starte torsdag 2. juli og blir avslutta søndag 5. juli. Det bekreftar Ivar Brennhovd i WBR. Arrangementet vil finne stad same helg som Sommardagar på Hellesylt går av stabelen. Med andre ord, ei ny innhaldsrik sommarhelg i juli.

Det er Livia Dickie og Cato Nordbakk som blir ansvarlege i arrangørstaben i år. Livia Dickie har fleire hopp og sigrar frå tidlegare fjellflygingar frå Helsetkopen. Også Cato Nordbakk er kjend på toppen og i landingsområdet ved Helsetvatnet etter deltakingi fleire konkurransar.

Livia Dickie, dyktig som basehoppar,  blir med i arrangørstaben i år. Her saman med to av arten frå andesleppet under Sommardagane.

Livia Dickie, dyktig som basehoppar, blir med i arrangørstaben i år. Her saman med to av arten frå andesleppet under Sommardagane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380