Årsmøte i Venneforeining

Hellesylt Bygdetun, Lillegjerdet.

Hellesylt Bygdetun, Lillegjerdet.

Venneforeininga i Hellesylt Bygdetun har halde årsmøte. I tillegg til årsmøtesaker fekk tolv frammøtte sjå gamle bilete frå Sunnylven, og bli servert kaffi og sveler.

Det vart attval av alle tillitsvalde i Venneforeininga for Hellesylt Bygdetun. Styret har såkalla «flat struktur» der desse er med:

Kontaktperson: Marit Ljøen

Sekretær: Eldrid Skrede

Kasserar: Odd Jostein Bjørdal

Styremedlemer: Astrid Langeland og Arne Ringdal.

1.varamedlem: Hilde Langlo Brekke

2.varamedlem: Ruth Hole Aaland

Av årsmeldinga går det fram at foreininga har 127 medlemer. Også i fjor vart det arrangert olsokstemne i Bygdetunet med servering av rjomegraut. Stemnetalar var Olav Elling Gausdal  som bidrog både verbalt og musikalsk kring temaet, «Vi har ei historie å ta vare på».

På nissefesten før jul møtte det heile 70 born og vaksne som fekk servert graut, saft og gløgg, og der var besøk av nissemor og nissefar.

Venneforeininga har også organisert dugnadar, mellom anna med oppsetjing av gjerde kring eigedomen i Lillegjerde, og det er blitt sendt ut både sommar –og julehelsing til medlemane.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380