18. juli 2026

Avsluttar grunnskuleveka

Elevane har øvd mykje til framsyninga tysdag. Her er det ein liten pause for nokre av dei.
Elevane har øvd mykje til framsyninga tysdag. Her er det ein liten pause for nokre av dei.

I morgon tysdag viser elevar ved Sunnylven skule og kulturskulen det dei har jobba med gjennom grunnskuleveka 2015.

På Sunnylven samfunnshus blir det variert underhaldning tysdag. Der byd elevar frå Sunnylven skule og kulturskulen på både song, dans, dramatisering og musikkinnslag av band. I det heile eit innhaldsrikt program  knytt opp mot at 2015 er friluftslivets år.

Programmet startar kl. 16.00 og varer i om lag ein time. Det er ope og fri inngang for alle som har lyst å sjå og høyre gode innslag av elevane i samspel med kulturskulen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →