Barnehagen i Hyttehola
Torsdag drog Sunnylven Barnehage på tur til skianlegget i Hyttehola. Der vart det mykje kjekt i sola.
Tysdag denne veka var Barnehagens dag over heile landet. «Vi vil ut» var mottoet i friluftslivets år. I år er det ti år sidan Barnehagedagen var markert for fyrste gong.
-I Sunnylven var eit frykteleg ver tysdag med vind og masse regn. Vi valde å utsetje markeringa til torsdag og det var vi heldige med. Då kom sola og nokre behaglege plussgrader så i dag har vi det både fint og artig, fortalde Anne Marie Ljøen.
I Hyttehola gjekk leiken for fullt. Mange av dei 25 born i alder eitt til seks år susa ned kneikane på fargeglade akebrett, andre hadde glede av å gå på ski. Og seks-års- jubilanten Ari imponerte stort med å renne ein av dei brattaste bakkane i skianlegget utan å ramle.
På eit høveleg område like ved klubbhuset brann bålpanna. Der skulle det grillast pølser etter kvart, kakao hadde dei laga ferdig i barnehagen før dei drog til Hyttehola. Alt hadde gått fint, det hadde vore ein super dag, fortalde Åse Støverstein Ringdal.