
Tysdag i påskeveka sette langrennsgruppa strek for Sunnylvscupen på ski med premiefest og bingo.
Etter ein nær normal, snørik vinter registrerte langrennsgruppa i Sunnylven IL rekordgod deltaking i Sunnylvscup på ski. Heile 91 løparar i alder sju år og yngre til 16 år vart premierte for deltaking i minst tre renn.
Gledeleg mange stilte til start i alle dei fem renna som vart arrangert i skicupen, kunne Gisle Aaland i skigruppa fortelje. Han takka mange for ein fin skisesong, både løparane, dei mange foreldra som hadde stilt på og hjelpt til, han takka løypekøyrarane Trond Åge Dyrkorn og Tor Odd Kjellstadli, Jostein Ringdal for hjelp med tidtaking, og nettstaden hellesylt.info som har oppdatert med reportasjar og resultat frå alle dei fem renna.

Gullmedaljer og påskeegg
Størst deltaking var det i den yngste klassa der 29 jenter og gutar fekk sine blanke gullmedaljar utdelt. Også dei andre årsklassene var jamt og godt representert under premieringa i pausen under bingoen på scena i samfunnshuset. Der fekk også tre utøvarar, Emilie Brekke, Kristine Hjellbakk Hole og Hege Ringdal kvart sitt digert påskeegg overrekt. Alle tre hadde gjennom sesongen utmerka seg spesielt, Emilie var norgesmeister i stafett skiskyting, Kristine vart krinsmeister i jenter 13 år i tillegg til fleire andre sterke resultat, og Hege hadde beste treningsframmøtet av alle gjennom sesongen.
Svært mange møtte fram for å spele bingo, men kanskje mest for å støtte det flotte og viktige arbeidet som blir lagt ned i langrennsgruppa. Gevinstane til bingospelet var i stor grad sponsa av næringslivet i Sunnylven og frå nabobygdene.


