Lokalnytt

Bygdekvinnelag serverte potetball

Dyktige kokke. Frå venstre Torunn Hauge, Sonja Hole Lillebø, Liv Jorunn Sporstøl, Inghild Storstein, Laila Røyrhus, Olveig Frøysa.
Dyktige kokke. Frå venstre Torunn Hauge, Sonja Hole Lillebø, Liv Jorunn Sporstøl, Inghild Storstein, Laila Røyrhus, Olveig Frøysa.

Det vart eit godt, stauta måltid på elevar og lærarar ved Sunnylven skule torsdag. Tradisjonen tru serverte Sunnylven bygdekvinnelag potetball til alle.

Tradisjonar skal ikkje brytast, det har i alle høve Sunnylven bygdekvinnelag som mål. Å servere potetball med tilbehør anna kvart år til elevar og lærarar ved skulen har blitt ein av tradisjonane laget held på. Og tradisjonen vart godt motteken av alle dei rundt nitti som kom til bordsetet i den minste salen i samfunnshuset.

Store panner

Seks damer med erfaring var i sving i fleire timar med å tilberede måltidet som er mellom varemerka på Vestlandet sitt matfat. Torunn Hauge, Olveig Frøysa, Liv Jorunn Sporstøl, Inghild Storstein, Sonja Hole Lillebø og Laila Røyrhus brukte mange store panner og laga mellom 200 – 240 potetballar torsdag. I tillegg vart det servert pølse, kålrot, bacon og salta kjøt. Til drikke vart det sett fram saft og mjølk. Bygdekvinnelaget fekk hjelp av elevar frå ungdomssteget til oppsetjing av bord og stolar.

Då blir det to år til neste servering av potetball til elevar og tilsette ved Sunnylven skule. Neste år er det Cafe Snurrepiperier, utstilling av klede, gjenstandar, bilete eller andre spesielle, gamle ting.

Ball 3

Ball 1

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380