LokalnyttLokalsport

Emilie Brekke norgesmeister

Gullaget frå Sogn og Fjordane SSK, frå venstre Emilie Brekke, Maria Munch Starheim, Sigrid Flo Bødal.  (Foto: Magne Brekke)
Gullaget frå Sogn og Fjordane SSK, frå venstre Emilie Brekke, Maria Munch Starheim, Sigrid Flo Bødal. (Foto: Magne Brekke)

Emilie Brekke, Sunnylven IL vart norgesmeister i skiskyting stafett under Hovedlandsrennet for jenter og gutar 15 og 16 år i helga.

Emilie Brekke gjekk fyrste etappe (13.30.3)på gullaget til Sogn og Fjordane SSK lag 1. i jenter 15/16 år under Hovedlandsrennet i helga. Dei to andre på laget var Maria Munch Starheim (13.19.0) og Sigrid Flo Bødal (13.34.2) til slutt. Alle skaut feilfritt.

Tida 40.23.5, var 45. sek. føre Buskerud SSK lag 1. på sølvplass og om lag 50. sek. før Nordland SSK lag 1. sitt bronselag.

Kjempeartig

Emilie Brekke har vore ein habil skiskyttar i mange år og sanka mykje edelt metall frå krinsrenn og krinsmeisterskap. Stafettgullet var nok det største i karriæra hennar til no.

–Dette var nok mitt livs løp til no, fortel ho på telefon. Alt stemte, skia var veldig gode og alle skot sat der dei skulle. Det var rett og slett kjempeartig og gjev motivasjon til å trene og konkurrere vidare, seier Emilie. No står det igjen to renn i kretsen, mellom anna avslutningsrennet på heimebane i Hyttehola 21. og 22. mars, og så er det til Ål og Liatoppen, verdens største skiskyttarrenn for ungdom i april.

Fekk Fair Play-pris

Emilie deltok også på sprint og normaldistanse. På normaldistanse kom ho på ein sterk 23. plass, 3.05.1 (0-1) etter NM-vinnar Juni Almkleiv, Dombås IL.

På sprint diskvalifiserte Emilie seg sjølv etter å ha gått feil løype. Ingen hadde registrert at ho gjekk feil, men i god sportsånd forklara Emilie sjølv til arrangøren det som hadde skjedd. Det vart ikkje NM-premie i sprint på Emilie denne gongen, men i staden kunne ho ta mot fair play-pris frå scena frå NM-arrangøren for ærleg framferd.

Også klubbveninne Inger Ringdal Sæter deltok under Hovedlandsrennet  på Stevningsmogen med Svene IL og IL Bever`n som arrangørar.

I sprint jenter 15 år vart det 33. plass på Inger Ringdal Sæter, 2.46.4 etter Sara Borchgrevink, Fossum IF, og på normal vart det 58. plass, 4.19 bakk vinnar. På Sogn g Fjordane SSK lag 1. jenter 15 år gjekk ho saman med Anne Marie Roset og Kari Alsaker inn til 16. plass.

Sogn og Fjordane SSK jenter 15/16 år med Emilie Brekke på laget toppa sigerspallen føre Buskerud SSK og Nordland SSK.  (Foto: Magne Brekke)
Sogn og Fjordane SSK jenter 15/16 år med Emilie Brekke på laget toppa sigerspallen føre Buskerud SSK og Nordland SSK. (Foto: Magne Brekke)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

One thought on “Emilie Brekke norgesmeister

Kommentarfeltet er stengt